Sigvat MedgardSoga om Eivind Fredlaus
Ein vinterdag i 1719 tok Eivind Gudbrandsgard i fjellbygda Leveld livet av ein sambygding med kniv. Dei hadde vore usamde om eigedomsretten i utmarka og kom i slagsmål. Eivind vart dømd til døden, men lensmannsfolka fekk ikkje tak i han. I heile 18 år heldt han seg gøymd, det meste av tida i høgfjellet mellom Hallingdal og Indre Sogn.
Sigvat Medgard, 74 år, bokdebutant og pensjonert byrettsdommar i Oslo, har lytta til segnene i Lærdal og Hallingdal, granska skriftlege kjelder, oppsøkt steinbuene og andre gøymsler der Eivind heldt til og vandra i same landskapet i alle årstider. Med dette som ramme har han dikta vidare, om livet som fredlaus, om redsle for øvrigheit, jarnlekkjer og skarprettarøks, om sakn og motløyse og einsemd - og lite grann om kjærleik, om snaufjell og matsank, rein og rovdyr, reiing av skinn og muring av steinbuer, smilande sumardagar og ulande vinterstormar, og om folk og samfunn som tok vare på kvarandre.
Boka har 16 sider med bilete, frå fjellheimen der Eivind heldt seg, av steinbuene hans og av utstyr av dei slaga han hadde å hjelpe seg med.
Utdrag fra boka
304 sider, innbunden bok. ISBN: 82-91871-04-3
Pris: 295 kroner.
|