Bjørn Karsrud og Aud SøylandFull rulle på norske spor
Jernbane er meir enn parallelle jernskinner på kryss og tvers over dei fleste land. Jernbane er ingeniørar og anleggsarbeidarar og kokker og bygging av banar i allslags landskap. Det er avansert teknikk, tunge lokomotiv og flytog som går over 200 kilometer i timen. Det er reiser, arbeidsreiser og Amerikareiser i gamledagar, besøket og turistreisa og interrailturen og syklinga med dresin på nedlagde banar i vår tid, tunge avskilsstunder og gledelege møte, nye venner og nye opplevingar.
Full rulle på norske spor er historie og geografi på ein gong. Boka er skriven for ungdom mellom ni og femten, men også for andre nysgjerrige.
96 biletrike firefargars sider, stort format. ISBN: 92-91871.17-5
Pris: 240 kroner.
|